Jobb med oss
Leider tilbyr to ulike tiltak. Varig tilrettelagt arbeid (VTA) og Arbeidsførebuande trening (AFT). Felles for begge er at me legg til rette for arbeid og utvikling i eit trygt og inkluderande miljø.
Varig tilrettelagt arbeid (VTA)
VTA er eit tilbod for deg som har fått innvilga, eller har søkt om, uføretrygd frå NAV. Her får du moglegheit til å jobba i ei skjerma verksemd, med oppgåver som er tilpassa dine eigne ressursar og behov.
Målet er å skapa ein trygg og meiningsfull arbeidskvardag der du får utvikla deg i ditt eige tempo. Det er også mogleg å prøva seg i eksterne bedrifter med oss som støttespelar undervegs.
Arbeidsleiarane våre har lang erfaring og kompetanse, og er gode støttespelarar som heiar deg fram. Me har fokus på meistring, inspirasjon og gode relasjonar – noko som skapar eit stabilt og godt arbeidsmiljø for alle.

Arbeidsførebuande trening (AFT)
AFT er eit tidsavgrensa tiltak for deg som treng støtte til å komma inn i arbeidslivet. Her får du høve til å kartleggja arbeidsevna di, få arbeidstrening og prøva deg i vanlege bedrifter – med tett oppfølging frå jobbrettleiar.
Saman lagar dykk ein plan basert på dine interesser og mål. Du får tilbod om karriererettleiing, arbeidsutprøving, opplæring og hjelp til jobbsøking og intervju.
Målet er å styrka moglegheitene dine for å få jobb eller starte på ei utdanning. Tiltaket kan vare i inntil eitt år, med moglegheit for forlenging.
Avdelingane våre
Hjå oss finn du fleire avdelingar du kan få opplæring i. Her får du utvikla deg gjennom praktiske oppgåver og ansvar.
Bruktbutikk
Her får du erfaring med sal og service, kundebehandling, varehandtering, prisvurdering og reinhald. Du lærer også om økonomi og lagerarbeid.
Vaskeri
I vaskeriet får du opplæring i både enkle og avanserte oppgåver, med bruk av moderne maskiner. Du lærer om hygiene, kundebehandling og logistikken i eit profesjonelt vaskeri.
Kjøkken & kantine
Du kan jobba med alt frå enkle matrettar til meir avansert matlaging med profesjonelt utstyr. Her lagar og serverer du lunsj, og lærer om hygiene, samarbeid, kvalitet og vedlikehald av utstyr og lokale.
Produksjonshall
Her lærer du å bruke ulike maskiner og verktøy innan handverksfag. Du får opplæring i arbeidsbeskrivingar, sikkerheit, ergonomi og risikovurdering. Etter kvart skal du også kjenna til namn og bruk av ulike materialar og maskiner. Me driv også det lokale hjelpemiddellageret, og her får du opplæring i transport, kundebehandling og finmekanisk arbeid.
Ofte stilte spørsmål
Må eg ha vedtak for å byrje i tiltak?
Nokre gangar må du gjere det via NAV eller kommune, andre gangar kan du avtale direkte - spør oss om du er usikker.
Kan eg kombinere fleire tiltak?
Ofte kan du ha eit hovudtiltak, men få oppfølging frå fleire tenester samstundes.
Kva om eg prøver noko og finn ut at det ikkje passar?
Det er lov å bytte eller prøve noko anna. Målet er å finne det som fungerer best for deg.