For bedrifter
Få engasjerte medarbeidarar og god, fagleg oppfølging frå Leider som Inkluderande Bedrift samstundes som dykk bidrar til å skape arbeidserfaring og utvikling for motiverte mennesker.
Slik fungerer det
Bedrifta møter nye ressursar
Dykk kjem i kontakt med arbeidssøkjarar som dykk ellers ikkje ville møtt.
Trygg oppfølging
Våre jobbkonsulentar følgjer opp både bedrifta og arbeidssøkjarane under heile perioden.
Utvikling og meistring
Arbeidssøkjarane får moglegheit til å utvikle seg og oppleve meistring i reelle arbeidssituasjonar samstundes som dei bidreg med arbeidskrafta si.
Trygge rammer
Inkluderande Bedrift er ein samarbeidsmodell med klare mål og forutsigbare rammer. Me brukar tid på å bli kjende med både dykk og arbeidssøkjarane, og set opp konkrete mål for praksisplassen.
- Dykk får ein fast kontaktperson hos oss.
- Oppfølginga blir tilpassa behovet til både arbeidssøkjar og bedrift.
- Samarbeidet skal vere trygt, enkelt og nyttig for alle partar.
Bedrifta får moglegheita til å bidra til felleskap og inkludering, og - ikkje minst- tilgang på motivert arbeidskraft og profesjonell oppfølging og rådgivning frå teamet i Leider.

Takk til dei inkluderande bedriftene
Desse bedriftene er allereie med og gjer ein forskjell. Som inkluderande verksemder bidreg dei til meistring, deltaking og nye moglegheiter for menneske som treng ein ny start. Takk for at de stiller opp, opnar dører og viser kor viktig arbeidslivet er for fellesskapet.
Austevoll Folkebibliotek
Europris
Extra Storebø
Frivilligsentralen Austevoll
Austevoll kommune
Rema 1000 Storebø
Miljøarbeidertenesta
XL bygg
Brødrene Bakke
Lerøy seafood
Aqua group
Norled
Ready maskin
ED maskin
Lerøy tilvekstsenter

Vårt mål
Me gir bistand og vurdering av moglegheiter for hospitering for deltakarane våre. Målet er å finne passande arbeidspraksis innan interessefelt som gir reell erfaring, bransjekjennskap og relevant kompetanse. Målet er å gi eit betre fundament for varig deltaking i arbeidslivet - og aller helst ein varig medarbeidar for bedrifta som deltek i ordninga.
For å lukkast er me opptekne av tett samarbeid med lokalt næringsliv. Me lyttar til behova dykkar, tilpassar oppgåver og sørgjer for ryddige rammer. Saman skaper me verdiskaping både for den enkelte, for bedrifta og for lokalsamfunnet.
Ofte stilte spørsmål
Kven kan bli Inkluderande Bedrift?
Alle verksemder i Austevoll som har høve til å ta imot ein praksiskandidat kan bli Inkluderande Bedrift.
Kor mykje ansvar får me som arbeidsgivar?
Dykk stiller med ein arbeidsplass og arbeidsoppgåver. Me frå Leider tek oss av oppfølging, rettleiing og koordinering.
Kor lenge varer eit samarbeid?
Varigheita blir avtala individuelt – frå nokre veker til fleire månader. Målet er å finne ei løysing som fungerer for begge partar.
Kostar det noko for bedrifta?
Nei, oppfølginga frå Leider er kostnadsfri for bedrifta di.
Kva skjer dersom det ikkje fungerer?
Me evaluerer jamleg og kan avslutte eller justere avtalen dersom det ikkje blir som forventa.
Vil du gjere ein forskjell?
Ring oss eller send ein e-post, så tek vi ein prat.
E-postadresse: post@leider.no
Telefon: 46 70 16 00