Eit betre liv
Leider skal bidra til eit betre liv gjennom å sysselsette arbeidstakarar som i ein periode har behov for en tilrettelagt arbeidsplass.
Visjon
Me ynskjer at dei tilsette skal ha ein meiningsfull kvardag med mogligheiten til å delta i viktige arbeidsoppgåver for det lokale næringslivet. Ein vil ha ei tilhøyrighet og kunna finna sin plass i arbeidslivet med sine forutsetningar. Me skal legga til rette for personlig utvikling og vekst i dei ulike avdelingane.
Historia
I 1992 vart bedrifta godkjend som attføringsbedrift under namnet Austevoll ASV. ASV byrja då å vokse i tal på tiltaksplassar, og i 1995 hadde me ekspandert så mykje at vårt første nybygg var kome på plass.
Veksta fortsatte i følgande år og neste utbygging var allereie på veg. Austevoll ASV var 1 av 5 verksemder i landet som vart tildelt prosjekt for Arbeid med Bistand og Arbeidspraksis i Skjerma verksemd i 1999. Dermed vart neste byggeprosjekt starta. Austevoll ASV inngjekk òg samarbeid med Austevoll kommune om å drifte Dagaktivitetar.
I 2005 var det kome eit nytt vaskeri, bruktbutikk og dagaktivitetslokale. Veksta i verksemda fortsatte, og i 2008 vart me tildela fleire plassar og arbeidet for VTA-tilsette (Varig Tilrettelagt Arbeid) starta. Dei nye tiltaksplassane stilte større krav til lokalitet, noko som førte til bygging av hall og ombygging av delar av administrasjonsbygget.
I 2011 fekk Austevoll ASV kantine med storkjøkken.
I 2013 fekk Austevoll ASV tilbod frå kommunen om drift av hjelpemiddellager og tryggleiksalarmar.
I 2014 vant me anbodskonkurransen for det kommunale reinhaldet.
Selskapsstruktur
NAV har strenge prinsipp for godkjenning av tiltaksarrangørar av AFT/VTA, og har stilt krav til at varig tilrettelagt arbeid skal være tiltaksarrangørens primære verksemd. Blant anna er reinhaldstenester og utleige av eigendom/kantine ikkje foreinleg med vilkåra frå NAV. For å imøtekomme krava frå NAV har administrasjonen og styret vurdert kva for moglegheiter selskapet har til omorganisering utan å måtte legge ned eller selje delar av dagens verksemd.
Administrasjonen har konferert med Arbeidarsamvirka si Landsforeining (ASVL), og har blitt informert om at nokre tiltaksverksemder har organisert seg i ein konsernstruktur, med eit morselskap og fleire dotterselskap. På denne måten kan eit dotterselskap drive som rein tiltaksarrangør, mens det andre dotterselskapet kan drive anna kommersiell verksemd.
Det vert stilt strenge krav til selskapet som skal drive med tiltaksverksemd, blant anna skal overskot bli i selskapet og komme arbeidet og deltakarane til gode. Det skal ikkje utbetalast utbytte, og selskapet kan ikkje eige eller kontrollere anna forretningsverksemd.
Styret og leiinga har bestemt å organisere Leider i ein konsernstruktur for på denne måten å kunne fortsette med dagens tenester.